Dikting på dialekt

Diplom frå Mållaget

Mange unge skriv dagleg dialekt i meldingar og annan kommunikasjon. Såleis var det ikkje så vanskeleg for elevane då dei i samband med undervisinga om talemål og ulike målmerke vart utfordra til å skrive på eigen dialekt. Dei korte, spontane tekstane fungerte som gode språkdøme, samtidig som dei var både underhaldande og tankevekkande.

Ein liten smakebit:

Dei snakka om at dialektadn me tidn vil forsvinna. Noken seie at mi kjemme ti å bli meira prega ao språke i byadn. Ein dag vil mi alle snakka likt so dei, era nåken so paostaor. Detta kan ikkje stemma. Mi vil vel ikkje atte detta byspråke ska ta heilt øve?
Ilag me bunadn, fjelli og åstahøveln e dialektadn ein del ao da so gjere landet vaort spesielt. Da e ikkje berre da atte mi ha bunada og fjell so gjere Norge spesielt, men da atte adle fjedli og alle bunadane faktisk e forskjellige. Ville no Norge ha våre Norge om alle fjedli va like høge, og om alle bunadane va grøne? Sjøl om Nordlandsbunaden e vårte kåra ti Norges finaste bunad, e sogningane sjølvsagt godt krye øve sin bunad allikavel! Da e norsk å vera forskjellige. 

Ke me detta talemaole dao? Ska mi alle snakka likt? Dao risikira mi å mysta vaor tipassningsevne og mi blir mindre motstandsdyktige mot innflytelse frao engelske ord og uttrykk. No mao mi vera stolte øve dan norske varriasjonen. Mi ha både høge og laoge fjell og mi ha bymaol og bygdemaol. Hold pao dialekti di! (Astrid Menes)

I samarbeid med det lokale Mållaget fekk elevane kvar sin diplom for dikting på dialekt. Kanskje blir fleire av tekstane publisert etter kvart?

Tekst/bilde: Magni