Årets kamp

Det vart ein knepen seier til personalet i den tradisjonelle 16. mai-kampen.

Kampen enda 9-7 til personalet.

Trass i at det var it-leiar Ole Eilifsen som hadde lagt strategien, var det elevane som leda etter første omgang. Ole hadde rett og slett lagt ein strategi som var så komplisert at det berre var han sjølv som skjønte den. Dermed sto det 4-3 til elevane i pausen etter fleire glimrande elev-mål.

I andre omgang la imidlertid personalet om kampplanen sin og køyrde den mykje prøvde "alle mann i angrep"-strategien. Dette overrumpla nok elevane ein del. Men ikkje før internatleiar, Marit Beathe og halve spanskseksjonen vart bytt inn, blei det skikkeleg dreis på sakene. 

Elles er det naturleg å trekke fram John Martin, som trass farspermisjon holdt sitt vanlege nivå, Johannes, som skåra dei fleste måla og Kristina, som viste at det er mykje adrenalin også i ein kontorsekretær. 

Dommaren , Magni Åm Risa, dømde tilsaman ein hands, to corner og to utspark. Det var litt meir enn forventa.

FB/ØF