BU i by`n

Vanlegvis går BU-turane ut i skog og mark, men ein gong i året reiser dei til Bergen!

Det er alltid kjekt med klassetur, og det var det også for 2BU som reiste til Bergen sist veke.

Sjølv om tida var kort så fekk vi mykje med oss, spesielt fyrste dagen. Etter fire timar på ekspressbåten kom vi til Bergen. Vi  sette frå oss bagasjen på hotellet (som ikkje var så verst) og gjekk rett til Akvariet der vi fekk omvisning. Dei fleste klappa og haldt ein kornsnok (ein slange som held seg mykje i kornåkrar). Ein grå, fin sjeggagam fekk vi også halde. Vi såg, men klappa ikkje, verdas farlegaste edderkopp. Vi fekk og omvisning bak anlegget, der dei blant anna  mata fiskane.

Ein barne- og ungdomsarbeidar skal blant anna kunne legge til rette for aktivitetar og vere ein kulturberar. Mange barnehagar spesielt, men og skular, tek borna med på akvarium og liknande stader. Då er det lurt at dei som er ansvarlege veit litt om det dei ser og opplever på slike stader og såleis kan legge til rette for slike tiltak. 

Om kvelden hadde vi det sosialt og koseleg på Peppes.
 
Kvelden vart avslutta med teater på Lille scene der vi såg stykket "Mørketid". Klassen skal snart sjølv framføra eit teaterstykke for barnehagen og småskulen. Og teaterstykket vi fekk gav nok idear til dette. 
 
Dagen etter var vi på "Vannkanten", der fleire bada og kosa seg i svømmebassenget. Det vart også tid til shopping, noko som høyrer med når ti jenter reiser i lag...
 
Helsing jentene i  2BU