Skule- og internatpengar

Skulepengar 2017/2018

Alle prisar gjeld per månad og innbetaling i 10 månader.
Studiespesialisering: kr. 1.600,-
Kunst, design og arkitektur: kr. 1.750,-
Idrettsfag: kr. 1.900,-
Helse- og oppvekstfag: kr. 1.900,-
Påbygging til generell studiekompetanse: kr. 1.900,-

Skulepengane inkluderer kostnadene det medfører å vere elev på Sygna eitt skuleår. Ekskursjonar ligg inne i skulepengane.

Innmeldingspengar på kr 1000,-  er ein del av skulepengane. Innmeldingspengane stadfestar at du tek imot plassen. Dei vert fakturert ved inntak og trekt frå innbetalingane gjennom året.

Alle elevar må ha berbar PC.

Alle elevar vert anbefalte å låne PC av skulen mot ein eigendel som tilsvarer utstyrsstipendet frå Lånekassen (p.t kr. 930,- pr. år). Elevane tek over PC-en etter tre år. Meir informasjon vert sendt saman med inntaksbrevet. Det er og mogeleg å nytte eigen PC.

 

Internatpengar skuleåret 2017/2018
Alle prisar er pr. månad og innbetaling i 10 månader

Dobbeltrom internat 1 - 6: kr. 5.450,-
- dele rom og bad med ein medelev  

Enkeltrom internat 1 - 6: kr. 6.450,-
- enkeltrom der eleven deler gang og bad med ein medelev

Enkeltrom internat 7: kr 5.400,-
- enkeltrom utan eige bad (som regel guteinternat)

Enkeltrom internat 8: kr. 5.800,-
- enkeltrom med eige bad (som regel jenteinternat)

Viss elevar treng spesialdiett (må ha legeerklæring) kostar det ekstra:
Diett med støtte frå NAV: kr. 1200 pr. mnd.
Diett utan støtte frå NAV: kr. 600 pr. mnd.

Prisen inkluderer kost og losji for heile skuleåret (10 mnd., august - mai). 

Romplassering av elevar skjer tidleg i august. Vi kan ikkje garantere at alle får innvilga førsteønskjet ved romplassering.

Elevane på Sygna får stipend og lån av Statens lånekasse på linje med elevar ved offentlege skular. Bustipendet dekkjer det meste av utgiftene ved å bu i internatet. Du kan i tillegg søkje om grunnstipend, læremiddelstipend og reisestipend. Alle elevar kan også søkje om utstyrstipend. Sjåwww.lanekassen.no.