Om oss

Sygna vidaregåande skule er ein kristen friskule med offentleg godkjenning og eksamensrett. Det går ca. 180 elevar på Sygna, ca. 140 av desse bur i skulen sine internat.
 
Sygna er eigd og driven av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), som er ein stor misjonsorganisasjon. 
 
Skulen ligg i Balestrand i Sogn og Fjordane og har god kommunikasjon både austover mot Oslo, sørover mot Bergen og Stavanger, samt nordover mot Ålesund og vidare.