Ein kristen skule

Sygna er ein kristen skule kor vi ynskjer å formidle den kristne bodskapen til elevane. Vi vil vise i både det vi seier og det vi gjer at Jesu kjærleik gjeld alle menneske, og at den einskilde elev har ein bestemt plass i Hans plan.

På Sygna er det mykje du kan velje mellom å delta på og engasjere deg i. Kvar torsdag er det møte i møtesalen, med andakt, song fellesskap og bøn. Kvar fredag er det KRIK med mykje aktivitet, moro og andakt. Omlag annankvar veke er det bibelgrupper heime hjå personalet. Elles har vi lovsongskveldar, møteveker, bønnevandringar og liknande - alt for å legge til rette for at du kan gjere gode val og trivast.

Kvar skuledag byrjar med eit ord for dagen.

Vi har og eit obligatorisk kristendomsfag på Vg1 og Vg2. Dette faget vert rekna inn i timetalet (2 veketimar) til "Prosjekt til fordjuping" for 1HO og 2BU. Dei studieførebuande utdanningsprogramma har 2,5 veketimar på Vg1 og Vg2. På Vg2 kan dette 5-timarsfaget reknast som det valfrie programfaget.

Sygna er ein kristen skule. Det er ikkje det same som at du må vere kristen for å gå på Sygna. Vi legg vekt på at alle elevar, same kva bakgrunn, tru og livssyn, skal verte møtte med lik respekt og omsorg.

Les meir om kva det vil seie at Sygna er ein kristen internatskule.

Her finn du nokre enno eldre glimt frå Sygnakvardagen: