Internat, miljø og aktivtetar

Eit trygt og godt miljø!

Ved å bu på internat i tre år, ligg mykje til rette for at du kan finne og få vener for livet. Det er stort! Å bu på internat handlar om å ta ansvar for eige liv og å fylgje reglar og avtalar for at dei du bur saman med skal trivast og ha det bra.

På Sygna har vi både ungdomsarbeidarar (Eva Bente og Kurt Arild) og miljøarbeidarar (Solveig og Martin) som har eit ekstra ansvar for det som skjer etter skuletid på Sygna. Som elev på Sygna er du heldig som kan verte betre kjende med dei!

Å bu på internat.

Dei fleste elevane på Sygna bur i skulen sine internat. Det er ni internat på skulen og romma er litt ulike, alt etter kva internat ein bur på.

Dei fleste romma er dublettrom. Det vil sei at ein har einerom, men deler bad og gang med ein annan. Nokre bur på dobbeltrom, der ein deler rom, bad og gang med ein annan. Eitt internat har enkeltrom med eige bad på kvart rom, medan eitt internat har enkeltrom med felles dusj og toalett.

Frå heile skuleområdet har du ei fantastisk utsikt over Balestrand, Sognefjorden og dei vakre fjella med snø på toppane store delar av året.

Aktivitetar, lag og organisasjonar i nærområdet:

Les meir om kva du kan bruke fritida til på Sygna.

Her finn du nokre eldre glimt frå Sygnakvardagen: