Bibelgruppe

No er hausten her, og det er tid for bibelgrupper igjen.

Annankvar tirsdag samlar grupper av elevar seg heime hos ulike Sygna-tilsette. Kanskje et dei noko godt, før dei les i Bibelen, og samtalar om det dei har lese. Til bibelgruppa kan ein komme med dei spørsmåla og tankane ein har. Bibelgruppene er åpne for alle som vil; det er enno ikkje for seint å bli med!