Belissimo!

3SF og 3PÅ har såvidt landa etter innhaldsrike dagar i Roma

 

I løpet av ei lita skuleveke har vi fått oppleve talrike historiske minnesmerke frå romartida, overdådig utval av frukt og blomar på Campo di Fiore, freistande gelato i meir enn 150 ulike smakar, pizza porchetta, den trivelege Piazza Navona, eksklusivt torden og styrtregn, meisterverk av Michelangelo og Rafael, storslåtte Fontana di Trevi, utsikt frå kuppelen på Peterskyrkja, trange bussar, spennande teater, trivelege smågater og fortausrestaurantar i Trastevere, spradande gladiatorar, opplysande tidsmaskin, slu gateseljarar, flodhestar og sjiraffar i Zologisk hage, samt soling på stranda.

I tillegg til å vere ei oppleving for livet, har veka gitt eit fullverdig fagleg utbytte både i norsk/kulturhistorie, matte, religion, engelsk, historie, kunstfag og kroppsøving. Takk for ein fantastisk tur!