Balestrand by light

Vg3 på lokal ekskursjon

Avgangselevane våre fekk utforske nye sider ved lokalsamfunnet i ein kombinert gjensyns- og samanristingsrunde måndag 21. august. I løpet av føremiddagen var vi innom Reiselivsmuseet, Kviknes hotell, engelskkyrkja, badelaguna og næringsbygga i Sjøthunsmyrane. Undervegs fekk elevane ulike kreative, intellektuelle og praktiske utfordringar. Til slutt enda vi opp i hagen til Svanhild der vi stappa oss med herleg grillmat frå kjøkkenet.

Tusen takk for ein strålande dag :-)

Tekst/bilde: Magni