Avslutningsfest for russen

Lørdag var det klart for den høgtidelege avslutninga på 13 års skulegong

Så var dagen komen også for russ 2018; den store avslutningsfesten. Det blei ei fin markering av slutten på 13 års skulegong.

Oksesteika var god, og med is og varme bjørnebær på toppen blei det perfekt. Tillitselevane frå kvar klasse hadde sine avskjedstalar, rektor hadde ei helsing, foreldrerepresentanten og russepresidenten talte, Gunn Berit Bøthun hadde andakt og alle song vi i lag. I tillegg song Anne Aune ein flott song om vakre Balestrand, og heile russen song russesongen som dei dikta til revyen.

Mot slutten kunne økonomiansvarlege Grete Helland, Ingrid Friborg og Emilie Bakke Aamodt overrekke ein sjekk på nesten 800 000,- til Per Hilleren, representanten for NLM på festen. Det viser ein super innsats av ein utruleg flott russ; Gratulerer så mykje! Vi ynskjer dykk alt godt og Guds signing over livet og framtida dykkar. Vi kjem til å sakne dykk veldig!