Avskjedsmarkering

Torsdag kveld blei det ei lita avskjedsmarkering for Lina og Marius. Og litt for Jonas.

Det er alltid trist når skuleåret nærmar seg slutten, og vi må seie "hadet" til mange vi har blitt glade i. Ekstra trist er det når dei som reiser er Lina og Marius. Både elevar og personale har sett utruleg stor pris på desse to, som har vore miljøarbeidar og idrettsassistent på Sygna dette skuleåret. Derfor blei det ei tårevåt markering i kveld, med både humor og alvor. Fleire elevar hadde ulike innslag, og ungdomsleiar Kurt Arild Ohma sa nokre fine ord og delte ut gåver.

Jonas, som og har vore miljøarbeider dette året, fekk ikkje avskjedsgåve, sidan han skal fortsetje her til neste år óg. Det er vi veldig glade for! Men han fekk ein liten twistpose og nokre fine ord, han og.

Kvelden blei avslutta med "Me and my house", i ein fullsett møtesal. Vi vil ønske Lina og Marius lykke til og Guds velsigning over ekteskap og studier, og takk for alt de har betydd for oss dette året!