Visjonen vår

Det beste for eleven...alltid

Vi vil legge til rette for at elevane våre kan

SØKE kunnskap
ved å gi den enkelte elev god og variert undervisning som legg til rette for refleksjon og faglege utfordringar. Vi ønskjer å engasjere elevane til å delta aktivt og bruke skaparevnene sine i eiga læring

 

FINNE venner
ved å motivere elevane til å vere med og skape eit godt miljø og oppleve glede i eit trygt fellesskap. Vi ønskjer at alle elevane kan kjenne seg heime på Sygna og få venner for livet.

 

VINNE livet
gjennom eit inkluderande fellesskap ved å gi den enkelte elev høve til å reflektere over meininga med livet. Vi vil leggje til rette for at elevane kan bli kjende med Jesus og oppleve glede og meining i arbeidet med å formidle evangeliet nasjonalt og internasjonalt.

Vedlegg: