Gje ei gåve

Vil du vere med å drive skulen vår?

Sygna vidaregåande skule er no over 30 år. Fleire tusen elevar har fått si vidaregåande utdanning her, og det er mange som har møtt Jesus!

 Vi ønskjer å legge vekt på god undervisning og eit trygt og godt kristent ungdomsmiljø.

 Sygna har eit vidt utdanningstilbod:

  • Studiespesialiserande
  • Studiespesialiserande med formgjeving
  • Idrettsfag
  • Helse- og oppvekstfag
  • Barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Påbygging til generell studiekompetanse

 Å drive ein skule som Sygna, krev stadig fornying og utvikling. Etter drift i over 30 år treng dei fleste bygga ei kraftig oppgradering. Vi treng og fleire internatrom og eit nytt undervisningsbygg som er tilpassa dagens krav og pedagogiske metodar.

 Dette betyr at Sygna treng mykje forbøn og glade gjevarar. Sygna vart starta opp i tru til at Gud hadde ein plan med skulen. Vi har opplevd å få leve i denne planen og ønskjer framleis å få vere i Gud sine omsorgsfulle hender.

 Vil du vere med å hjelpe oss til å drive ein god skule og inn i framtida?

 Det er fleire måtar å gje på

1. Ønskjer du å bli fast gjevar kan du fylle ut skjema som ligg som vedlegg uder og sende inn til skulen.
2. Ønskjer du å gje ein eingongssum, kan du nytte kontonummer 8220 02 90395
3. Du kan ta kontakt med skulen:
Telefon: 57 69 45 00
Mail: sygna@sygna.vgs.no
Post: Sygna vgs, Sygnavegen 15, 6899 Balestrand

Vedlegg: