Amazing race

Ellevilt rebusløp

Det er andre år på rad at det heftige "amazing race" vart arrangert her på Sygna. Elevane melde seg på som firarlag og personalet stilte med bilar og som "nøytrale" sjåførar. Alle laga fekk utdelt ein bunke krypterte instruksjonar som dei måtte løyse for å finne spesifikke postar. På postane skulle dei utføre ulike oppdrag. Første lag til å få godkjent alle postar og fullføre siste oppgåve vann. 

Her vart pulsen høg og iveren stor. Vi fylte elleve bilar. Laga valde ulike strategiar, nokre heiv seg i bilen med ein gong, andre sette seg ned for å få ein oversikt over postane. Felles var likevel godt humør og stor kreativitet!

Då laga kom i mål var det grilling og god stemning med over 70 deltakarar i peisestova. Takk for ein flott kveld!

Fleire bilde og filmar ligg på facebook-sida sygna 16/17.

Tekst: Magni      Bilde frå dei ulike postane