Akrobatisk formidling

Kulturelt skulebesøk

Tysdag 25. september fekk alle elevane, gjennom Den Kulturelle Skulesekken, gleda av den akrobatiske framsyninga "Isla" av den spanske danseteatersirkusgruppa D'click. Gjennom mimikk, musikk, enkle rekvisittar og imponerande kroppskontroll formidla dansarane ulike konfliktsituasjonar som kan oppstå og mogelege løysingar. Bygdahuset var stappfull og publikum let seg rive med og deltok med spontane gisp og latter undervegs.

Tekst/bilde: Magni