Akademisk speed date

Repetisjon med ny vri

Repetisjon til prøve kan gjerast på ulike måte. 1 HO gjennomførte i dag ein akademisk speed date for å friske opp igjen fredagens prøvepensum. Sentral teori knytta til kapittelet om etikk vart repetert raskt og effektivt. Klassen fekk fire spørsmål som vart fordelt på elevane. Dei sat overfor kvarandre og stilte spørsmål, som i ein speed date. Etter 1,5 minutt bytta dei på kven som stilte spørsmål for så å rullere videre til alle hadde snakka med alle. Det betyr at dei fekk alle spørsmåla to gonger. Å bruke eigne ord for å forklare noko ein har lært kan være ein god måte å lære på. Dette var 1 HO si erfaring og noko kanskje fleire kjenner seg att i.