Ope hus

17. mai frå kl 20 og utover var det ope hus hos Eva og Kurt.

Etter ein lang dag med god frukost, gudsteneste, folketog, is og 17.mai-talar, kan det vere godt å setje seg ned og slappe av. Kva er då betre enn å samle seg rundt grillen med gode venner? Mange Sygnaelevar tenkte det var ein god idé i går, og tok turen innom Eva og Kurt. Det var god stemning, russedress-skriving, kortspeling, kubb, prat, latter og sang. Til sist var det innetida som jaga dei siste på dør, litt trist faktisk; for det er ein fantastisk elevgjeng vi har på Sygna!