Skulepengar og prisar på kost og losji i internatet:
Sygna er ein privatskule. Det betyr ar vi får 85% av tilskotet pr. elev i forhold til det dei offentlege skulane får. Skulepengane går til å dekke driftsutgiftene som ikkje vert dekka av staten, inkludert kopipengar, bruk av internett og obligatoriske ekskursjonar/turar.
Sygna er ein internatskule. Elevane som bur i internata, får også måltida her. Kostpengane dekker husvære (inkludert vaskemaskin) og mat (frokost, lunsj, middag og kvelds).
For skuleåret 2010/11 gjeld følgjande satsar:
Skulepengar pr år (10 mnd):
|
Klasse:
|
Pris pr år:
|
|
Studiespesialisering Vg1, Vg2 og Vg3
|
12 200 a)
|
|
Studiespesialisering med formgjeving Vg1, Vg2 og Vg3
|
12 950 a)
|
|
Idrettsfag Vg1, Vg2 og Vg3
|
14 700 a), b)
|
|
Helse- og sosialfag, Vg1 HS og Vg2 BU
|
12 950 a)
|
|
Påbygg til generell stud. kompetanse
|
12 200 a)
|
a) Prisen inkl leige av PC. Elevar som har eigen PC vil få kr 3 500,-/år i rabatt på skulepengane, dvs kr 10 500,- i rabatt over tre år.
b) Skulepengane inkluderer fleire ekskursjonar/turar knytt til idrettsfaga.
Kost og losji pr år (10 mnd) på ulike internatrom:
|
Romtype:
|
Pris pr år:
|
|
Dublettrom på internat 1-6, enkeltrom, dele gang/bad med ein medelev
|
47 000
|
|
Dobbeltrom på internat 1-6, dele rom og bad med ein medelev
|
43 750
|
| Enkeltrom på internat 7, utan eige bad |
43 750
|
|
Enkeltrom på internat 8, med eige bad
|
45 950
|
Kommentar til skulepengane:
Vi trur det kan vere ein stor fordel at alle til ei kvar tid veit kva eit år ved Sygna vil koste. I følgje forskrift til privatskulelova kan alle privatskular ta inn skulepengar frå elevane.
Skulepengane dekker difor:
- Alle kopiar som vert nytta i undervisninga
- Tilgang til nettverk på skuleområdet
- Evt besøk på utstillingar, skulekino eller liknande
- Samanristingstur
- Andre faglege turar og ekskursjonar (c)
- Alle andre utgifter knytt til undervisninga
c) Som ei overgangsordning vil elevane på Vg3 betale ein eigenandel for utanlandsekskursjonen hausten -10
Skuleåret er på 10 månader.
Stipend
Dei aller fleste som bur i internatet, har rett på bortebuarstipend; kr. 3770,- pr. mnd.
Stipend frå Lånekassen kan då utgjere inntill kr 6990,- , avhengig av føresettes inntekt. I tillegg til dette kjem utstyrsstipendet som varierar ut i frå kva fag ein tar.