Vil du vere med å drive skulen vår?
Det er mange måtar å gi gåver til Sygna!
Direkte overføring til konto
Fast gjevarteneste
Testamentariske gåver
Kvifor treng vi gåver?
Fleire tusen elevar har fått si vidaregåande utdanning på Sygna og det er mange som har møtt Jesus.
Vi ønskjer å legge vekt på god undervisning og eit trygt og godt kristent ungdomsmiljø.
Sygna tilbyr mange utdanningprogram: Studiespesialisering, studiespesialisering med formgjeving, idrettsfag, helse- og sosialfag, barne- og ungdomsarbeidarfag, og påbygging til generell studiekompetanse.
Å drive ein skule som Sygna, krev stadig fornying og utvikling. Etter drift i snart 30 år, treng bygningane ei kraftig
restaurering. Vi treng òg fleire internatrom og eit nytt
undervisningsbygg som er tilpassa nye krav.
Dette betyr at Sygna treng mykje forbøn og glade gjevarar. Sygna vart starta opp i tru til at Gud hadde ein plan med skulen. Vi har opplevd å få leve i denne planen og ønskjer framleis å få vere i Guds omsorgsfulle hender.
Vil du vere med å hjelpe oss å drive ein god skule òg inn i framtida?