2ST og 2KDA i Oslo

Fullt program for bøndene i by`n.

Ein fin bukett med elevar frå Sygna VGS, 2. klasse studiespesialisering og 2. klasse kunst, design og arkitektur, har vore på ein snartur til Oslo.

Det var lagt opp til få kvileskjær. Dette stod på programmet: Minitinget der elevane lærte om politiske prosessar og fekk prøve seg på enkeltsaker - både i komitear og spørjetime, møte med Knut Arild Hareide, omvising på Stortinget av SV-representant Sheida Sangtarash, karaoke, pizzakveld, «Det andre teateret»- improvisasjonsteater, Freia med sjokolade til frukost og servering av historie, produksjon, merkevarebygging og besøk på Historisk museum der det var omvising som handla om gamle Egypt.

Mellom slaga overnatta vi på Fjellhaug.

Takk til ein super elevflokk for ein topp ekskursjon!

GBB