Nordpollrapport

På Sygna får du utfordringar også utanfor skuletida.

Den siste dagen i januar reiste ei gruppe elevar og personale frå Sygna for eit intesivt besøk til Nordpoll.
 
Med avreise rett etter lunch vart me møtt med god middag på bedehuset på Nordpoll, før det braka laus. Barnelag, ungdomsklubb og konfirmantsamling på rekke og rad gjorde at det var høgt aktivitetsnivå til seine kvelden. Gjengen frå Sygna bidrog med leik, moro, andakt og Sygna-info.

Etter overnatting på Nordpoll bar det heimover tidleg lørdagsmorgon, men me fekk likevel tid til litt sightseeing før me var trygt tilbake på Sygna. 
 
Ein stor takk til Ingebjørg som jobbar med arbeidet på Nordpoll, og til familiane som tok imot oss og ordna med mat og overnatting. Tusen takk for oss!
 
YLL