Ta turen

Sygna er eit godt startpunkt for turar i naturen

Her treng du ikkje treningskort eller faste øvingstider for å kome i form, skogen, fjellet og fjorden ligg klar til bruk heile døgnet.

Søndag vart det organisert fellestur og kjøkkenet stilte med kakao. 7 plussgrader og duskregn er ikkje typisk februarvêr, men vi finn snøen litt lenger oppe i lia. Dei få utvalde fekk "intimandakt" på Orrabenken. På Buråsi (575 moh) braut sola igjennom skydekket. Lenger oppe ligg Raudmælen (972 moh).

Håpar fleire tek turen utover våren!

Tekst/foto: Magni